topLogoSpacer
 

Ådland skole

0.  1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  

Vått men flott - bilete frå feiringa
Publisert: 17.05.2012 skrive av: Dag Inge Aarhus

picture
 

Det skal meire enn kulig og regn for å skremma ein Ådlandsbu - det fekk ein bevist når nasjonaldagen 2012 vert feira på Ådland. Og frå morgen til kveld var det berre smil å sjå, men dei fleste hadde nok vore glade for fleire plussgrader - særleg dei flinke musikantane våre.


 

17. MAI- FEIRING OG LANG HELG
Publisert: 16.05.2012 skrive av: Marianne Fagerland

 Hurra for 17. mai !!!

Ådland skole ønskjer alle ein fin 17. mai-feiring.

Elevane møtar bortanfor flaggstang kl. 09.45 og stillar opp under sin klassefane, slik vi har øvd på.  Minst ein føresett blir med i toget. Våre nye 1.klassingar frå hausten er velkomne til å bli med i toget, etter 1.kl.   

Frå  kl 10.00 vil korpset spele, 17. mai komiteen ha ein helsing og litt informasjon, rektor ha tale og 1. - 3.kl. ha ulike elevinnslag. Deretter går vi til kyrkja.

Sjå også programmet som de har fått heim og som ligg her på nettsida.

Vi minner elles om at fredag 18. mai, er fridag etter skoleruta.

 

Tinestafetten 2012
Publisert: 14.05.2012 skrive av: Edvar Ånensen

 
 

picture

Torsdag 10.mai deltok Ådland Skole på Tinestafetten. Me stilte i open klasse(gutar og jenter frå sjette og sjuande trinn). Det gjekk som det måtte gå, Ådland tok ein knusande siger og vann!! No skal det seiast at det var tre lag som stilte i open klasse, men det viste seg etter kvart at laget vårt kunne ha hevda seg i alle dei andre klassane med den fantastisk gode tida 4.11.7. Ein ikkje anna enn imponerande innsats frå gutane og jentene våre. Gratulera med sigeren, og takk for ei fantastisk flott oppleving!

VI ØVER TIL 17.MAI
Publisert: 11.05.2012 skrive av: Nina Anette Karlsen

picture
 

I dag var tida kommet til å øve på 17.mai songar, talar og oppstilling i toget. Me fekk høyre 2.klasse synge og to fyste klassingar som la ned "krans" ved minnesmerket. Dette greidde dei kjempefint. Klassane var også rågode til å synge og rope i toget. Hurra!!!

Overgang barnehage - skole
Publisert: 11.05.2012 skrive av: Rektor

BESØKSDAG OG FØRSKOLEDAG PÅ ÅDLAND

Nå nærmar det seg at lærar for første klasse er klar. Då kan vi gjere avtalar om dagar det passar å kome til Ådland og møte elevar og føresette.  Beklager at dette ikkje har kunna la seg ordne for Ådland skole tidlegare, men vi er klare når vi får det endelege svaret. Då vil de få brev med orientering om opplegget. Dette ser vi fram til.

Med vennleg helsing

Marianne Fagerland

 

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.